Norske kulturbygg

Ei stemme for huset!

På landsmøtet til Noregs Ungdomslag nyleg var eitt av miniseminara via ungdomshusa og kommune- og fylkestingsvalet. Det var Anders Slaatsveen, dagleg leiar i Norske kulturbygg som hadde seminaret og lanserte parola: Ei stemme for ungdomshuset! I dobbel tyding: Noregs Ungdomslag sentralt, regionalt og lokalt og Norske kulturbygg har vore, er og skal tale ungdomshusa, lagsbruka og dei frivillig eigde kulturarenaene si sak - og vi skal ha huset høgt opp på dagsorden i valet til hausten. Med grunnlag i innleiinga og "summegrupper" vart det utforma fleire fine lokale valslagord for husa. Ei av desse var: Kulturlivet starter på ungdomshuset! Og dette er ikkje noko vi trur, dette fins det både forsking og statistikk på - og ikkje minst erfaring. Gje huset ei stemme - stem for huset!
 

500.000 i Bulystmidlar til "Huset i bygda"


”Huset i bygda” fekk i haust 500.000 i Bulystmidlar. Det er vel fortjent og ein stor inspirasjon for arbeidet vidare. ”Huset i bygda” er eit samarbeidsprosjekt mellom Norske kulturbygg og SOFUL. Det er å håpe at NU og Norske kulturbygg kan få til slike prosjekt i alle fylka, og gjerne i samarbeid med alle organisasjonar som eig hus. Ein stor honnør til SOFUL og prosjetleiar!

Frå departementet si pressemelding:
Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 500 000 kroner i støtte er prosjektet Huset i bygda, i regi av Norske kulturbygg og Sogn og Fjordane Ungdomslag.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi.
I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.

- Norske bygder treng fleire møtestadar. Mange bygder har slike lokale kultur- og ungdomhus. Mange av desse husa treng ei vitalisering og styrking av aktiviteten for å kunne gje eit rikare kulturtilbod i bygda. Desse husa er ein ressurs det er viktig å bruke, til beste for lokalsamfunnet og dei som bur i bygdene.

- Gjennom kurs, og rettleiing er det eit mål å styrke dei organisasjonseigde husa som gode, kreative møteplassar i bygdene rundt om i Noreg. Slik kan desse husa verte kulturelle fyrtårn som kan vere med å skape aktivitet, kreativitet, glede og bulyst. Eg skjønar at arbeidet er godt i gang allereie, og vi er spente på å sjå resultata av innsatsen i tida framover, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
 

Bruk Norske kulturbygg!

Norske kulturbygg – samarbeids- og tenesteorganisasjonen for lagsbruka i NU og NM og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag. Kompetansesenter for lags- og organisasjonseigde kulturbygg og ein rusfri kulturarena.

Norske kulturbygg har vel 60 års erfaring, kompetanse og nettverk for vegleiing, rådgjeving, innspel og hjelp på det meste som gjeld dei 350 ungdomshusa, lagsbruka og andre forsamlingshus/kulturbygg m.v.

Vi har ei oppmoding til alle lag og organisasjonar med hus: Bruk oss!

Ikkje noko spørsmål er for lite eller ubetydeleg, og blir det ”for” stort eller vanskeleg, kan vi mest truleg gi eitt og anna positivt bidrag.

I stikkordsform:
Les meir
 

Medlem av Actis - rusfeltet sitt samarbeidsorgan

Norske kulturbygg vart tatt opp som medlem av Actis - rusfeltet sitt samarbeidsorgan på Actis-landsmøtet 2010. Det er viktig, nyttig og gledelig for oss og betyr at Actis-fellesskapet ser arbeidet med rusfrie kulturarenaer, inkludert serverings-, overnattings og amlingsstader, som viktig og sentralt i det ruspolitiske arbeidet. Arne Johannesen, kjend som leiar av Politiets fellesforbund, vart vald til ny styreleiar i Actis.

Frivilligregister og grasrotandel


Les meir om frivilligregisteret og grasrotandelen på sida "Informasjon og råd"!

Organisasjonar og lag med ungdomshus, grendahus, forretningsdrift mv:


Både lag innafor Norske kulturbygg, grendehus og andre organisasjonar/lag som eig hus, kan ta kontakt med oss. Vi hjelper så langt vi har kapasitet og kompetanse, eller kan gje råd om kor det er muleg å få slik hjelp. Vi kan avtale større oppgåver for organisasjonar, lag og hus som ikkje er med i Nk direkte eller gjennom NU / NM, men då som reine konsulentoppdrag.

post@kulturbygget.no

90 20 66 58