Husdatabase


Norske kulturbygg har utvikla og er eigar av ei husdatabase for organisasjonseigde kulturbygg. Alle organisasjonane som er med i NOK kan registrere husa sine her. Husdatabasen har aldri fungert etter hensikta og vi arbeider både innan Norske kulturbygg og NOK med å vurdere ein heilt ny og langt enklare modell. På grunn av vår "finanskrise" er dette lagt på is og blir ikkje tatt opp at før tidlegast våren 2011.
NOK Nettverk for organisasjons-eigde kulturbygg

NOK Nettverk for organisasjons-eigde kulturbygg


- Norske kulturbygg
- Folkets Hus Landsforbund
- LASS Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringssteder
(Norges Velforbund var medlem frå starten. Suspendert etter at dei vart politimeldt av Lotteri- og stiftelsestilsynet pga misbruk av ordninga med moms-kompensasjon. Slo seg konkurs tidleg i vår).

Norske kulturbygg er sekretariat for NOK. E-postadresse: post @ kulturbyggnett.no

Norske kulturbygg tok initiativet både til å skipe NOK og Nasjonalt forum for kulturarenaer (tidlegare Utviklingsgruppa for kulturarenaer) som i tillegg til NOK består av Norsk musikkråd, Norsk teaterråd, Norsk Kulturhusnettverk og NOKU Norsk kulturforum. NOK er og medlem av Frivillighet Norge.