Solabu i "Kulturarven"

Solabu i "Kulturarven"

I siste nummer av "Kulturarven", det flotte tidsskiftet frå Norsk Kulturarv er det ein flott artikkel om Solabu ungdomshus i Ulnes i Valdres. Den fint illustrerte artikkelen over tre heile sider er skriven av Sjur Harby som er arkeolog og skribent og driv rådgjevingsfirmaet Disen kolonial i Hamar. I tillegg til restaureringa av huset og ildsjela (samfunnsentreprenæren) Helge Gudheim, handlar artikkelen og om mattradisjon m.m. i Valdres. Norske kulturbygg besøkte huset i fjor og kan skrive under på at dette er eit meisterverk!
 

Momskompensasjon 2010 - ny ordning


Nå ligg forskrifta om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar føre (7. juni 2010). Både direkte- og kollektivmedlem i Norske kulturbygg har Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag som sin hovudorganisasjon. Det er ikkje muleg for lokale eller regionale ledd å søke kompensasjon gjennom Norske kulturbygg.

Vi vil spesielt sjå på forskrifta når det gjeld lagseigde aksjeselskap, lagsbruk og kulturbygg (ungdomshus, grendahus o.a.) og gje råd/informasjon om dette til landslaga NU og NM, til andre direktemedlem (lagsbruk) og til andre som måtte ha interesse av det. I tillegg til eiga hovudorganisasjon (NU / NM) finn du meir informasjon og forskrifta her:
Kulturdepartementet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Frivillighet Norge
Les meir
 

Tilskot til regionale og lokale kulturbygg

Ungdomshuset Ljosvang - UL Frihug (Vestnes)

Det er fylkeskommunane som forvaltar desse midla og både søknadskjema, reglar og søknadsfrist varierer frå fylke til fylke. Gå inn på nettsida i ditt fylke (Tilskot til lokale og regionale kulturbygg). I regjeringa si tiltakspakke vart støtta til lokale og regionale kulturbygg dobla i 2009 og tilskotet for 2010 held om lag same nivå, men det betyr sjølvsagt ikkje at det er ei sareptakrukka å ta av. Sjå pressemelding om spelemidlar m.v. frå Kultur- og kirkedepartementet.

Og hugs: Ta først kontakt med fylkes- kommunen for informasjon, positiv omtale av hus og aktivitet, søk faglege råd, inviter til befaring osv - før søknad om støtte. Sørg for å ha ein konkret og god prosjektplan og økonomisk støtte og frå andre (eigendel, innsamling lokalt, sponsorstøtte frå næringsliv o.a. osv.).

(Forsamlingshuset Ljosvang, UL Frihug. Foto: Geir Sandnes)



 

BI Fundraising

I haust startar BI Handelshøgskulen i Oslo opp eit nytt studium "Fundraising - innsamling av midlar til frivillige organisasjonar". Les meir i pdf-fila som ligg ved eller på nettsida til BI. 30 studiepoeng (fem samlinger over to semestre) og EFA-sertifisering (European Fundraising Association).
 

Årsmøte 2010


Trass i "finanskrisa" vår, var det eit engasjert og positivt årsmøte som vart avvikla laurdag 17. april i BLS-bygget (Nordahl Bruns gate 22) Oslo. Styreleiar Hallvard Julseth og nestleiar Marit T. Askeland gjekk ut av styret etter sine seks år (ref vedtektene), og vart takka for stor, aktiv og god innsats i styret. Ny styreleiar er Aud Solveig P. Malmedal (Sylte og Malme UL / Romsdal ungdomssamlag). Olaug Hamre "rykkar opp" som nestleiar. Nytt styremedlem er Ellen Mersland (BUL Tromsø / TUF). Elles var det attval. Styret i Norske kulturbygg er og styre for Lagsbruksfondet.
 

Finanskrise


Tilskotsordninga som NSRM-organisasjonane (sjå undersida "Samarbeidsorgan") har fått drifts- og prosjekttilskot frå sia 1979 er endra, og alle fire fekk avslag på driftssøknaden for 2010. For oss er dette ei finanskrise som vil bli svært merkbar i alle fall våren 2010. Vi held på med klagesak og vil framskynde og forsterke arbeidet med tilskot frå andre hald, men det tar tid. Vi har fått gratis kontorplass i NB 22 av BLS (Bygdelagssamskipnaden) i all fall fram til hausten! Sjå ny postadresse. Telefon og e-postadresse som nå. NB! Bruk bare denne e-postadressa: post@kulturbygget.no
 

Støtte til Norske kulturbygg


Viktig støttefråsegn frå landsrådet i Noregs Ungdomslag presentert på nettsida til ein annan av våre sentrale samarbeidsorganisasjonar Actis - rusfeltet sitt samarbeidsorgan.

Eit lite lysglimt nå før påske er tilskotet frå Helsedirektoratet til fellesprosjekta til Norske kulturbygg og LASS: Oppfølging og erfaringsoverføring frå prosjektet "Trygg og rusfri samlingsstad for ungdom" og eit nytt treårig prosjekt "Rusfri kulturarena". Men, utan driftstilskot er det ikkje lett å drive så store landsomfattande prosjekt. Vi har derfor klaga på avslaget på driftstilskot til Helse- og omsorgs- departementet. Klaga blir nå handsama i Helsedirektoratet.

Les meir
 

Ungdomshuset - kulturbygget, historisk - i dag - for framtida


I samband med Norsk amatørteaterfestival (NU og Det Norske Teatret) 4.-10.mai, laga Norske kulturbygg og Noregs Ungdomslag ei flott utstilling med tittel og innhald som i overskrifta. Det er fokusert på ungdomshuset og teaterverksemd/kulturarbeid, som kulturminne og ny og auka bruk for framtida. Det er 20 flotte fullfargeplakatar med hus frå alle landsdelane. Det hadde ikkje vore noko problem å hatt med eit par hundre hus, så husa i utstillinga er representantar for alle ungdomshusa!

Utstillinga vart opna i foajeen på Det Norske Teatret av prosjektleiaren for Kulturminneåret 2009 Sidsel Hindal. Utstillinga voart og vist under NU-årsmøtet på Hamar og er m.a. tinga av Sylte og Malme UL (m.a. til storkurset/huskurset). Det er bare å ta kontakt med oss eller NU sentralt Kva med å få med kommunen og/eller fylkeskommunen og andre og lage ei lokal/regional ungdomshusutstilling?
 

Huskurs og husbesøk


Vi vil oppfordre alle fylkeslag i NU om å ta kontakt med oss for å planleggje huskurs, gjerne i samband med fylkesårsmøtet eller andre samlingar. Somme stader vil det vere naturleg at fleire fylkeslag går saman om huskurs. Vi kan skreddarsy opplegg tilpassa regionen, men har og eit godt standardopplegg som vi har nytta med stort hell (SOFUL fire kurs), Møre og Romsdal, Troms, storkurs Agderfylka/Rogaland, Hallingdal).

På nyåret har det vore nytt huskurs i Sogn og Fjordane (SOFUL), det fjerde på to år. I haust var det og felles huskurs for dei tre fylkeslaga i Møre og Romsdal. Alle kursa har vore svært vellykka og ga mye god og nødvendig inspirasjon både for laga med hus, fylkeslaga og ikkje minst oss. Vi hadde og husforedrag på årsmøtet i Rogaland UL nå i vår.
Les meir
 

Kulturløftet II


Kulturløftet II vart lagt fram på ein pressekonferanse på Caféteatret (Oslo). Du kan sjå dei 17 punkta og lese meir om det her. Norske kulturbygg var først ute til å kommentere artikkelen på nettsida til Kulturløftet! For dei frivillige organisasjonane, lokalt kulturarbeid, norsk kulturarv - og ikkje minst dei organisasjonseigde kulturbygga med ungsomshusa og lagsbruka i spissen, er det mye bra her. For lokale, organisasjonseigde kulturbygg er dette langt betre enn Kulturløftet I.
 

Kulturløftet 2 og kulturarenaer


Sjølv om både Kulturløftet 2 og statsbudsjettet for 2010 er lagt fram, og vi har fått ny kulturminister, så er det muleg og viktig med innspel til Kulturløftet 2, og ikkje minst at dei frivillige organisasjonane sentralt, regionalt og lokalt tar er engasjerte og aktive i dette arbeidet. Gå inn på nettsida til Kulturløftet på Origo der lag, instansar og personar kan registrere seg, komme med innspel og forslag og ta del i diskusjonar m.v. Norske kulturbygg har oppretta "profil" på Origo. Sjå m.a. innlegg frå dagleg leiar i Norske kulturbygg om kulturløftet 2 og kulturarenaer.

Norske kulturbygg har sendt ut pressemelding til riks-, regional- og lokalmedia om Kulturløftet 2 og kulturarenaer. Teksta er lagt ut her saman med ei lenke til pressemeldinga. Det er fint om ungdomslag med hus, huseigarorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar og kulturengasjerte personar følger opp dette i sine lokalmedier.
Les meir

Kva skjer lokalt


Vi vil gjerne ha fleire meldingar frå lag som eig hus, om det er ungdomshus eller forretningsdrift, om kva som skjer lokalt. Ikkje noko er for lite - eller for stort. Ikkje minst tips og råd frå eiga erfaring og som andre huseigarar kan dra nytte av. Send oss og bilde (helst elektronisk) av huset inne og ute og av aktivitet, og tips om lokale/regionale avisoppslag o.l. Sjå adresseinformasjon under "kontakt". Det enklaste for oss er å få det på e-post: post@kulturbygget.no.

Bergen Ungdomslag Ervingen


BulE fekk 100.000 frå Sparebankstiftelsen DnBNOR i 2008 m.a. til nytt dansegolv. Inspirerande for andre lag med hus. Sjekk nettsida til stiftelsen og andre liknande fond. Sjå og info og råd om økonomi. Vi vil gjerne ha melding frå andre som har fått liknande støtte.

Huset i bygda


Les om det viktige fellesprosjektet til SOFUL (Sogn og Fjordane UL) og Norske kulturbygg på "prosjektsida".