Analyseskjema for huset
Eit enkelt analyseskjema for bruk og profilering av og framtidsplanlegging for lagseide kulturbygg (ungdomshuset, lagsbruket, grendehuset, forsamlingshuset osv). Utvikla m.a. for fellesprosjektet til Norske kulturbygg og SOFUL "Huset i bygda" - men kan sjølvsagt nyttast av alle.
Varmepumpe
![]() |
Mange ungdomshus, grendehus o.a. har spart mye, ofte opp mot halve straumrekninga, ved å montere varmepumper. Sjølv om det er ein viss investeringskostnad og dessverre dårleg med tilskot/støtteordningar, vil vi rå alle til å vurdere dette. Det er både økonomisk gunstig og eit godt miljøtiltak. Sjekk med lokale forhandlarar og på nettet. Konkurransen er stor, og det er ingen grunn til å betale meir enn nødvendig, men og sikre best muleg kvalitet til lågast muleg kostnad. Fleire har halvert straumkostnaden, og då tar det ikkje mange åra før investeringa er tent inn.
Sjekk og dette rådet om montering av varmepumpe frå DinSide.no.
Og ikkje minst forbrukarnettsida til Norsk varmepumpeforening: http://www.varmepumpeinfo.no/
Frivilligregisteret og grasrotandelen
![]() |
Grasrotandelen: Dei som spelar gjennom Norsk Tipping kan gje 5% til "sitt" lokallag. Sjå brosjyra frå Frivillighet Norge (vedlegg pdf-fil). Sjå og forskrifta om grasrotandelen. Om du treng meir informasjon eller råd, ta kontakt med din organisasjon sentralt eller med Norske kulturbygg. Du finn og nyttig informasjon på nettsida til Norsk tipping.
Kultmag
Kultmag er eit frittståande kulturmagasin for heile kulturfeltet, det offentlege, frivillige, profesjonelle og for amatørane, for dei som arbeidar med og for kultur og for dei som er engasjert i kulturdebatten og det daglege, lokale kulturlivet. Kultmag treng fleire abonnentar - og vi treng Kultmag! Vi vil oppmode alle som er knytt til Norske kulturbygg om å teikne abonnement (sjå lenka). Norske kulturbygg vil prøve å få til eit samarbeid med Kultmag om utsending til alle lagsbruk og lag med ungdomshus, om muleg med ein viss grupperabatt. Kultmag kjem for tida ut kvar månad som del av Ny Tid (Mentor Medier / Mediahuset Vårt Land). Bestill abonnement: abo@nytid.no (merk: Kultmag). Prisen er 590,- pr. år.
På nettsida finn du og Kultnett - søkemotor for kulturnyheiter med oppdatering kvart 15. minutt. Hugs å sende pressemeldingar og anna informasjon til Kultmag!
På nettsida finn du og Kultnett - søkemotor for kulturnyheiter med oppdatering kvart 15. minutt. Hugs å sende pressemeldingar og anna informasjon til Kultmag!
Ta fagleg kontakt først! (Før søknad om økonomisk støtte)
Både frå kommune, fylkeskommune og andre offentlege instansar er det muleg å få økonomisk støtte til drift, vedlikehald/ombygging, aktivitet og prosjekt. Det fins og sentrale støtteordninger for kulturminnevern o.l. Som regel høyrer det offentlege frå oss (kun) når det gjeld økonomisk støtte.
Skøyte, tomtegrense, gards- og bruksnummer
Norske kulturbygg kan hjelpe! Om laget (huset) manglar skøyte, kart over hus og tomt (tomtegrenser) eller gards- og bruksnummer til huset/tomta (viktig), så kan vi skaffe det. For skøyte eller større oppdrag må vi dessverre ta oss betalt, men det blir uansett svært rimeleg. Ta helst kontakt pr e-post post@kulturbygget.no (bruk gjerne skjema på nettsida/kontakt).
Sparebankstiftelsen DnBNOR, Gjensidigestiftelsen, Stiftelsen Uni, legatoversikt o.a.
Les meir på nettsidene til desse og andre (sjå lenkene nedunder). Sjekk og dei lokale/reginale bankane og forsikringsselskapa, og andre stiftingar og legat (emne eller geografisk område).
Sparebankstiftelsen DnBNOR
Gjensidigestiftelsen
Stiftelsen Uni
Legathåndboka
Legater.nu
Sparebankstiftelsen DnBNOR
Dei prioriterte formåla for hausten 2010 er 1) Kulturelle aktivitetar og uttrykk og 2) Jorda og Universet. Elektronisk søknadsskjema og meir informasjon på nettsida til Sparebankstiftelsen DnBNOR. Det er to søknadsfrister i året, 15..februar og 15.september og bare muleg å bruke det elektroniske søknadsskjemaet. Fleire ungdomslag og ungdomshus har fått støtte dei siste åra. Sjekk oversikt på nettsida til Sparebankstiftelen DnBNOR.
Dugnadsinnsatsen - berekning
Det er inga fasitsvar på korleis ein skal berekne dugnadsinnsats, f.eks. i søknad til offentlege instansar, prosjektrapportar/rekneskap o.l. Det mest nytta prinsippet dei siste åra er å rekne med gjennomsnittleg industriarbeidarlønn (SSB). Andre faktorar som spelar inn er alder på dei som er med (under 16, over/under 18), kva slag arbeid, f.eks. krav til handverks-/fagleg kometanse/erfaring, kulturelle, regionale, historiske tradisjonar m.m. Ved søk på nettet finn ein variasjonar frå under 100 kroner til tre-firehundre. Skulle vi gje eit meir handfast råd, er vel 150-250 kroner det nærmaste (og ca 100 kroner for dei under 18/16). Og det viktigaste er dugnaden og det som blir utført!
KNIF - innkjøpsordningar og forsikring m.m.
KNIF (Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap) er ei medlemsbasert verksemd open for organisasjonar, institusjonar og kykjesamfunn. KNIF er inndelt i tre einingar, KNIF Innkjøp, KNIF Trygghet forsikring (eige AS) og KNIF Samfunn. Norske kulturbygg er medlem i KNIF med fulle rettar gjennom NSRM Norsk senter for rusfri miljøutvikling / N.M hotels. Lokal- og fylkeslag med hus i Noregs Ungdomslag er kollektivmedlem av Norske kulturbygg, og kan gjere nytte av fordelsprogrammet i KNIF*. Erfaringa frå dei laga som har gjort det er svært gode - så ikkje nøl, ta kontakt med oss eller KNIF i dag! Sjå info. Oppgje medlemsskap i Norske kulturbygg.
Kulturminne og kulturminnevern
Forsamlingshusa, der ungdomshusa i Noregs Ungdomslag er heilt sentrale, er viktige bidrag til vår demokratiske kulturarv. Grete Swensen skriv klokt om dette i ”Fortidsvern”, bladet til Fortidsminneforeningen, nr 1/2007. Grete Swensen, som er forskar ved Norsk institutt for kulturminneforskning og har tatt doktorgrad i forsamlingshusa (sjå undersida ”Bibliotek”), blir nytta som rådgjevar og ressursperson for Nk på dette fagområdet. På nettet finn du mye informasjon om kulturminne og kulturminnevern. Norske kulturbygg er medlem av Norsk Kulturarv og Fortidsminneforeningen.
Les meir Norsk kulturminnefond ønskjer fleire søknader!
Kulturminnefondet vart oppretta i 2002 og ligg under Miljøverndepartementet med administrasjon på Røros. Fondsmidlar kan og gå til dokumentasjon, formidling og handverk når dette er kopla til fysiske objekt. Søknadsfristane er 1.februar og 1.september. Les meir på kulturminnefondet.no eller i "Kulturarven", bladet til Norsk kulturarv og "Fortidsvern", bladet til Fortidsminneforeningen.
Nytt kunnskapsprogram for auka bulyst
Regjeringa varslar i stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru (St.meld nr 25) eit kunnskapsprogram for å auka bulysta i lokalsamfunn med svak utvikling i folketalet.
Økonomi
Rådgjeving
Norske kulturbygg kan bistå lagsbruk (direktemedlem) og ungdomshus i Noregs Ungdomslag med økonomisk rådgjeving, søknader, prosjektplanlegging m.v. Nk kan og gje konsulenthjelp og rådgjeving når det gjeld offentlege msidlar (fylkeskommuen) til regionale og lokale kulturbygg (pelemidlar), anna regional/lokal støtte til kulturføremål og andre støtteordningar t.d. til kulturminnevern.
Støtteordninga med investeringsmidlar frå fondet for serveringsstader (NSRM/ Rusmiddeldirektoratet/ Sosial- og helsedirektoratet) vart avvikla for fleire år sia, og det er i dag inga slik spesiell støtteordning gjennom Nk/NSRM.
Les meir Norske kulturbygg kan bistå lagsbruk (direktemedlem) og ungdomshus i Noregs Ungdomslag med økonomisk rådgjeving, søknader, prosjektplanlegging m.v. Nk kan og gje konsulenthjelp og rådgjeving når det gjeld offentlege msidlar (fylkeskommuen) til regionale og lokale kulturbygg (pelemidlar), anna regional/lokal støtte til kulturføremål og andre støtteordningar t.d. til kulturminnevern.
Støtteordninga med investeringsmidlar frå fondet for serveringsstader (NSRM/ Rusmiddeldirektoratet/ Sosial- og helsedirektoratet) vart avvikla for fleire år sia, og det er i dag inga slik spesiell støtteordning gjennom Nk/NSRM.
Forretningsdrift
STYRET ER VIKTIG FOR BEDRIFTENS UTVIKLING OG RESULTATER
Sven Presberg
Etablering av styre
Ved etablering av et aksjeselskap er eierne pålagt å velge et styre på en generalforsamling. Aksjeloven setter minimumsgrenser for hvor stort et styre må være. I praksis er det imidlertid mer et spørsmål om hvilken kompetanse eierne ønsker tilført gjennom styret, og hva som er praktisk håndterbart. Et styre bør bestå av 3 – 7 personer som kollegium.
Når et styre skal settes sammen, tas det normalt hensyn til spredning i kompetanse og kjønn. Et godt styre er en rimelig måte å tilføre selskapet kompetanse på markedsstrategi, fag, økonomi, organisering og bedriftsledelse.
Drift og utleige
Utleige og kontraktar
Vi får ein god del spørsmål, særleg frå ungdomslag, om avtaler m.v. knytt til utleige av huset. Det kan gjelde alt frå einskilde arrangement til langtidskontraktar for heile huset. Vi både vil og kan hjelpe laga med slike spørsmål, som ofte kan ha juridiske ”komplikasjonar”. For større eller meir prinsipielle saker, kan vi og skaffe (rimeleg) advokatbistand. Det vil vere ein fordel om vi kjem inn i slike saker på eit tidleg tidspunkt. Ingen sak er for liten og i utgangspunktet er heller ingen sak for stor.
Brannvern
Norsk brannvernforening er ei ideell stifting for hjelp, informasjon, rådgjeving og kontroll både for privathus og instituasjonar (som ungdomshuset). Sjå nettsida. Du kan ta kontakt gjennom kontaktskjemaet på nettsida eller på telefon 23 15 71 00. Spesielt viktig ved storvøling, større ombygginger og nybygg. Ta sjølvsagt og kontakt med det lokale brannvesen.
Infoland
Norske kulturbygg har inngått avtale med Infoland (Norsk Eiendomsinformasjon as). Dette er eit nettbasert eigedomsregister som blir nytta både av det offentlege og andre profesjonelle brukarar. Her kan ein bl.a. få Grunnbokinformasjon, GAB-register m.m., og tinge utskrifter. Ein kan og tinge kart frå Statens kartverk og flybilde. Både direktemedlem og kollektivmedlem (ungdomshusa) kan ta kontakt med Norske kulturbygg om dei treng slik hjelp. Utskrifter og større oppdrag vil bli fakturert, men prisane er ikkje skremmande.
Frå "Blåsalen" i Nordahl Bruns gt 22 - BLS Oslo
Norske kulturbygg
er samarbeids- og teneste- organisasjonen for lagsbruka i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag.
Her finn du Norske kulturbygg sin Handlingsplan 2009 og Strategisk plan 2009-2012.
Lagsbruk med forretningsdrift vil ha nytte av vår lisens på Proff Forvalt. Ta kontakt med Nk-kontoret for meir informasjon.
Gjennom NSRM har Norske kulturbygg medlemskap i KNIF Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap. KNIF har nokre av merkedets beste innkjøpsavtaler. Sjå eigen artikkel om KNIF si forsikringsavtale og andre tilbod.
På denne sida vil du finne informasjon og råd om:
Økonomi
Drift og utleige
Vedlikehald
Rehabilitering/vøling
Forretningsdrift
Trygg og rusfri samlingsstad
Sameige/-drift
Juridiske spørsmål
Kulturminnevern
Scene/sceneteknikk og sal
Dokumentasjon
Norske kulturbygg
er samarbeids- og teneste- organisasjonen for lagsbruka i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag.
Her finn du Norske kulturbygg sin Handlingsplan 2009 og Strategisk plan 2009-2012.
Lagsbruk med forretningsdrift vil ha nytte av vår lisens på Proff Forvalt. Ta kontakt med Nk-kontoret for meir informasjon.
Gjennom NSRM har Norske kulturbygg medlemskap i KNIF Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap. KNIF har nokre av merkedets beste innkjøpsavtaler. Sjå eigen artikkel om KNIF si forsikringsavtale og andre tilbod.
På denne sida vil du finne informasjon og råd om:
Økonomi
Drift og utleige
Vedlikehald
Rehabilitering/vøling
Forretningsdrift
Trygg og rusfri samlingsstad
Sameige/-drift
Juridiske spørsmål
Kulturminnevern
Scene/sceneteknikk og sal
Dokumentasjon


