Rusfri kulturarena!


Norske kulturbygg og LASS Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringssteder har fått prosjektmidlar frå Helsedirektoratet til eit nytt fellesprosjekt - Rusfri kulturarena! Vi startar opp hausten 2010 og kjem med meir informasjon både her på sida, gjennom medlemsorganisasjonane i Norske kulturbygg og LASS, fylkeslaga i NU m.m.

For å vere med i prosjektet må ein lage eit lokalt delprosjekt der bruk og profilering av huset som ein aktiv og rusfri kulturarena er det sentrale. Eit delprosjekt vil ha fokus på ny, variert og aktiv bruk av "titteskåpscena" (eller andre små og alternative scener) til revy, musikal, show osv.

Interesserte lag med hus (ungdomshus, lagsbruk o.a.) kan ta kontakt med Norske kulturbygg, helst på e-post.

Foto: Verkstaden ungdomsklubb på Hellesylt held til i ein oppussa gamal bilverkstad og er ein spanande og rusfri kulturarena (og sjølvsagt med eiga facebookside).

 

Ny inspirasjon etter Kulturhuskonferansen


Ungdomslag frå heile fylket var samla til Kulturhuskonferansen 13. mars i ungdomshuset Aldaheim i Olden.
- Vi har blitt veldig inspirert, og vil reise heim til laget og jobbe for å få meir bruk av huset, seier Kari Virkesdal frå Bøfjord Ungdomslag i Leirvik til ivrige nikk frå sambygdningen Siv Fristad.
- Vi har lyst å setje i gang med ein gong, og eg håpar mellom anna at vi kan få i gang kulturkafé i ungdomshuset der vi vil invitere både gamle og nye i bygda.

Huset i bygda
Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg står bak Kulturhuskonferansen, som er ein del av prosjektet Huset i bygda. Målet med prosjektet er å løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane.
Under konferansen fekk deltakarane idear til utvikling av kulturhusa og informasjon om støtteordningar. Deltakarane diskuterte òg husa som kulturminne og fekk høyre suksesshistorier frå lag som har modernisert husa.
Les meir
 

Prosjektleiar for "Huset i bygda"


Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) og Norske kulturbygg driv fellesprosjektet ”Huset i bygda” som skal styrke organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane som sosial møtestad, som arena for utøving av kultur og som kulturminne. Kristin Sandal er tilsett som prosjektleiar (50%) og har alt markert seg og prosjektet engasjert og flott i lokalmedia. Prosjektleiaren skal samarbeide nært med styret i Sogn og Fjordane Ungdomslag, som er formell arbeidsgjevar. Dagleg leiar i Norske kulturbygg er nærmaste overordna i faglege spørsmål.

Les meir
 

"Huset i bygda" - viktig fellesprosjekt mellom Sogn og Fjordane UL (SOFUL) og Norske kulturbygg


Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom SOFUL (Sogn og Fjordane Ungdomslag) og Norske kulturbygg, og er eit direkte resultat av huskurset på "Impulsdagen" fylkeslaget arrangerte i samband med årsmøtet. Alle lokallag med ungdomshus i fylket blir invitert til å vere med i prosjektet, der ein skal dokumentere status og framtidsplanane for husa.

Med prosjektet vil ein styrke stoltheita over ungdomshusa og vise at mange av dei er ein viktig arena for lokal kulturaktivitet, viktige kulturminne og ein god generasjonsmøtestad, og gjere dette synleg for kommunale og fylkeskommunale myndigheiter.

Det er sendt ut registreringsskjema til alle lag med hus i fylket og laga ein god prosjektplan (sjå Word-dokumentet nedunder). 14.mars vart det arrangert kulturbyggkonferanse i Underdal (Undredal ungdomslag/ungdomshus) - eit særs vellykka møte der m.a. dagleg leiar i Norske kulturbygg, Anders Slaatsveen og styremedlem i Nk og ildsjela for ungdomshuset på Voss, Olaug Hamre, var innleiarar. I haust var det nytt huskurs i samband med storkurset i Førde.
Les meir
 

Fellesprosjektet Nk/LASS ”Trygg og rusfri samlingsstad for ungdom”

Prosjektet har 15 lokale deltakarar, 7 frå LASS og 8 frå Norske kulturbygg (tidl. Norske Lagsbruk), og starta opp hausten 2007 med eit seminar på Gardermoen med vel 30 deltakarar. Vi fekk full utteljing på prosjektsøknaden til Helsedirektoratet både i 2008 og 2009! Prosjektet blir avslutta til jul 2009. Du finn ein grundig prosjektomtale her http://www.forebyggingstiltak.no/ Her finn du og oversikt over andre lokale, regionale og nasjonale prosjekt.

I 2009 blir ei prioritert oppgåve å få formidla dei gode og viktige erfaringane frå prosjektet til alle lag med hus - å få profilert alle ungdomshus og andre organisasjonseigde kulturbygg som trygg og rusfri arena!

Du finn informasjon om rusfeltet/rusførebyggjande arbeid bl.a. på forebygging.no, Statens institutt for rusmiddelforskning SIRUS, FMR Forbundet mot rusgift, Actis Rusfeltets samarbeidsorgan og NOVA Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring, og på nettsida til Helsedirektoratet.
 

Prosjektet lokalt

Oversikt over lag/grupper og lagshus som er med i prosjektet "Trygg og rusfri samlingsstad for ungdom" (hausten 2007 - 31.12.2009):
URA Ungdomsringen Austlandet, Oslo/Austlandet (Nk)
UL Fram/Åheim ungdomshus, Vanylven kommune (Nk)
Kristiansands Avholdslag/Totalen (God helgestart), Kristiandsand (LASS)
UL Frihug/Ljosvang ungdomshus, Nerås, Vestnes kommune (Nk)
Solhaug Rusforebygging, Levanger (LASS)
Stadlandet UL/ungdomshuset Blikken, Selje kommune (Nk)
Valderøy frilynde UL/Kulturhuset Johansbuda, Giske kommune (Nk)
Bergen Ungdomslag Ervingen (danseprosjekt ungdom) (Nk)
Hellesylt UL/Verkstedet ungdomsklubb, Stranda kommune (Nk)
Smelteverket (ungdomshus), Levanger (LASS)
Frivillighetens hus (Avholdsfolkets hus), Flekkefjord (LASS)
FUEL ungdomsklubb, Stjørdal (LASS)
Subscene, Oslo (LASS)
Haugesunds fjell-lag (LASS)
Søgne Ungdomslag/Heimklang ungdomshus, Søgne kommune (Nk)

Sjå og nettsidene til fleire av laga som er med.
 

Kaffistoveprosjekt


I samarbeid med NSRM/LASS og Bøndenes Hus (Oslo), har vi starta arbeidet med to-tre lagsbruksprosjekt i Mosjøen (Kaffistova), Voss (ungdomshuset/avhaldskafeen) og Dag Bondeheim (Skien). Lagsbruksfondet har løyva midlar til førprosjekt for Kaffistova i Mosjøen og Dag Bondeheim er endeleg blitt direktemedlem i Norske kulturbygg - svært positivt for alle partar.

IRIS-rapport om NSRM


Førebygging, bygging eller underbygging?
På oppdrag frå NSRM gjorde IRIS - International Research of Stavanger, i 2006 ei evaluering av verksemder knytt til dei fire organisasjonane i NSRM. Rapporten er laga av Sverre M. Nesvåg (prosjektleiar), Olav Befring og Kirsten Allred. Vi gjer merksam på at kopiering kun er tillatt etter avtale med IRIS eller NSRM.

"Prosjektrevy" på Valderøy


Valderøy frilynte ungdomslag er med i NL/LASS-prosjektet "Trygg og rusfri samlingsstad" og har jobba fram ein lokal revy for første gong på 44 år! Eit aktivt og engasjert revyensemble med støtte frå heile laget og kommunen, og profesjonell instruktør Jan Fredrik Grøndal Henriksen, gjorde revysuksess i midten av januar. Sjekk gruppe på facebook og lokalaviser (Øyblikk)!