Eit liv med kaffistover og bondeheimar
Kåre Kolås i samtale med Nils Seland og Ottar Grepstad. Hefte gitt ut i serien småskrifter frå Ivar Aasentunet - Nynorsk kultursentrum (nr 4/2005).
http://www.aasentunet.no/download.asp?object_id=BC10535DD56147A69E43BFCFA31B055C.pdf

Merkesteinar i Norske kulturbygg
1949: Det som i dag er organisasjonen Norske kulturbygg har sitt grunnlag i skipinga av Lagsbruksnemnda (og Lagsbruksmøtet) 26. mars 1949. Sekretariat var leiaren i Lagsbruksnemnda og skrivarstova i Noregs Ungdomslag.
1954: Lagsbruksfondet (som blir forvalta av Norske kulturbygg) vart skipa 2. november 1954.
1979: Lagsbrukssamskipnaden (LBS) vart skipa i 1979, og organisasjonen fekk (litt seinare) eige sekretariat. Same år vart og SAMU (Samarbeidsutvalget for alkoholfrie overnattings- og serveringssteder) som i dag er NSRM (Norsk senter for rusfri miljøutvikling), etablert.
1997: Organisasjonen fekk namnet Norske Lagsbruk og nye vedtekter på årsmøtet i 1997.
2005: Norske kulturbygg tok initiativet til NOK Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg og Utviklingsgruppa for kulturbygg, nå Nasjonalt forum for kulturarenaer.
2009: Norske kulturbygg har med det to runde jubileum i 2009. Då er det 60 år sia Lagsbruksnemnda vart skipa og 30 år sia skipinga av Lagsbrukssamskipnaden.
2009: Nytt namn: Norske kulturbygg. (Samrøystes vedtak på Årsmøtet 2009)

Bok om ungdomslagsfaner
Arbeidet er i gang med å lage ei bok om faner og banner innafor den frilynte ungdomsrørsla. Heilt sia 1999 har Asbjørn Thomassen i samarbeid med Noregs Ungdomslag (NU) dreve registrering av faner og banner, og dei siste par åra også organisert fotografering så langt midlane har strukke til. Sjølv om NU er sterkt inne i arbeidet, omfattar prosjektet også faner og banner til frittståande lag og lag tilknytta andre organisasjonar, men som definerast som ein del av den frilynte tradisjonen. Dette kan f.eks. vere leikarringar som er med i Landslaget for spelemenn.
Les meir Lagsbrukshistorie - eit kort oversyn (1995)
Med "harelabb " gjennom lagsbrukshistoria
Å fara over eit så omfattande tema på dei få sidene som er til disposisjon her gir på ingen måte eit uttømande bilde av alt det lagsbruka har betydd for norskdomsrørsla. Eg håpar likevel artikkelen gir eit visst inntrykk av omfanget til forretningsverksemda. Seinare historiearbeid vil visa den fulle breidden som arbeidet har hatt i desse 100 åra.
Kåre Kolås har vore den fremste pådrivaren for samarbeidet mellom forretningstiltaka i rørsla i nyare tid,- aktiv heilt sidan 1946. Han har vore den viktigaste kjelda for det som står skriven her.
Elles har eg spedd på med opplevelsar og erfaringar frå dei 25 åra som eg sjølv har vore med i det organiserte lagsbruksarbeidet, lokalt og sentralt, organisasjonspolitisk og administrativt. I løpet av dei siste 12 åra har eg vore med i styret for Lagsbrukssamskipnaden i 6 år, og vore daglig leiar sidan 1990. Før den tid kjenner eg arbeidet også frå tillitsverv på alle plan i Noregs Ungdomslag.
Nils Seland
Merknad: Denne artikkelen er frå 1995. Lagsbrukssamskipnaden er i dag Norske kulturbygg (Norske Lagsbruk frå 1997 - 2009). Nils Seland var dagleg leiar fram til nov 2007 og er i dag seniorrådgjevar i Norske kulturbygg.
Les meir

Organisasjonar og lag med ungdomshus, grendahus, forretningsdrift mv:
Både lag innafor Norske kulturbygg, grendehus og andre organisasjonar/lag som eig hus, kan ta kontakt med oss. Vi hjelper så langt vi har kapasitet og kompetanse, eller kan gje råd om kor det er muleg å få slik hjelp. Vi kan avtale større oppgåver for organisasjonar, lag og hus som ikkje er med i Nk direkte eller gjennom NU / NM, men då som reine konsulentoppdrag.
post@kulturbygget.no
90 20 66 58
Du kan besøke oss i BLS-bygget, Nordahl Bruns gate 22, helst etter avtale.