allkunne.no - eit nynorsk digitalt leksikon
20.oktober vart allkunne.no lansert - det første nynorske leksikonet på nettet. Norske kulturbygg var tilstades på lanseringa på Litteraturhuset i Oslo. Det var og opningsarrangement seks andre stader i landet. Allkunne er eit nynorsk leksikon, der artiklar om den nynorske kulturhistoria har høgast prioritet. På sikt skal tilbodet utvidast, slik at det vert ein allmenn og redigert kunnskapsbase med påliteleg faktastoff.
Bak nettstaden står selskapet Allkunne AS som er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Prosjektet har hatt statleg tilskot sian 2006. Styreleiar er Arild Thorbjørnsen. Ottar Grepstad er hovudredaktør og Eirik Helleve er dagleg leiar. Allkunne har kontor på Voss.
Samfunnsentreprenøren - ildsjel og kollektiv
Boka Innovative bygdemiljø er utgitt på Fagbokforlaget i vår. Svært nyttig og interessant, og bør bli ei handbok for alle som er opptatt av samfunnsentreprenørskap (som er hovudtema i boka) og bygdeutvikling. I neste nummer av "Kultmag" har dagleg leiar i Norske kulturbygg omtale av boka.
Nyttig kulturstatistikk
Rapporten "Kommunal kultursektor i endring" av Oddveig Storstad er del av forkingsprosjektet "Lokalt kulturliv i endring". Det er eit forskingssamarbeid mellom Norsk senter for bygdekorskning i Trondheim og forskingsavdelinga ved Diakonhjemmet Høgskole i Oslo. Prosjektet er finansiert av Norsk kulturråd. Det er utgitt som hefte av Fagbokforlaget og kan og lastast ned frå nettsida til forlaget: http://www.fagbokforlaget.no/?isbn=978-82-7081-149-6
Boktips
Grete Swensen: "Moderne, men avleggs? Foreningers byggevirksomhet i formativt perspektiv 1870-1940", Universitetsforlaget/Acta Humaniora 1997. Grete Swensen si doktoravhandling frå 1997 med same tittel. Tar for seg dei fire store husbyggarane: Fråhaldsrørsla, bedehusa, arbeidarrørsla/Folkets Hus og ungdomshusa / den frilynde rørsla. Bestill boka frå din lokale bokhandel eller på Haugenbok.no.
Nynorsk kultursentrum - Ivar Aasen-tunet
Ei flott, innhaldsrik, lærerik og nyttig side - folkeopplysing på sitt aller beste! Ikkje minst med eit godt og innhaldsrikt nettbibliotek som må vere eit funn for lærarar og elevar - og litteraturinteresserte.
Biblioteket
Norske kulturbygg (tidl. Norske Lagsbruk) har gjennom åra samla ein god del litteratur om lagsbruk/ungdomshus i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og om organisasjonseigde kulturbygg. Fleire av bøkene og hefta er skaffa frå antikvariat, og er av stor kulturhistorisk verde. Her er mye viktig dokumentasjon m.a. av byggeår, historikken til husa, arkitektteikna hus, husa sin plass i rørsla og ikkje minst i lokalsamfunn og det m.a. Grete Swensen omtaler som forsamlingshusa si rolle i demokratibygginga av landet.
Sjølv om vi alt har ein god del bøker og hefter med omtale av det lokale lagsbruket/-huset, tar vi gjerne mot fleire frå lag/fylkeslag som eig og driv slike. Både nytt og gamalt.
På denne sida kjem ei oversikt over bøkene og heftene i Nk-biblioteket, og tips til relevant litteratur om organisasjonseigde kulturbygg, både av historisk art, kulturfagleg, organisatorisk og med praktiske, faglege tema.

Les og lær
Antikvariat
På antikvariat.no får du mye informasjon om bokantikvariat og du kan søke på bøker frå alle registrerte antikvariat (bokhandel og/eller netthandel) på antikvariat.net (du kan søke frå antikvariat.no). Ei anna nettside for e-handel er antikvaren.no. Dette er flotte tenester uansett kvar i landet du bor, men har du anledning og er glad i bøker, så er eit bokantikvariat vel verd eit besøk. Men, du må ta deg god tid.
Les meir

Vårsøg
Hans Hyllbakk
No skin de sol e høgste Svealiå
No bli de vår, det kjenne e so vel
De søng så trongt kring alle dalasiå
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.
Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea tort å tåg å tåbærløng.
E kjenne lokt tå gras kring alle haua
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønninn legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt.
Å du, å du, kår sårt å sælt e stoinna
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vårn han e kje lenger oinna
at e får levva slik ein sommar te.
Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
poinn kalle isa me så sval ein drekk.
Når hausten kjem å sistkveldskløva henta
da ska e takk for sommarn så e fekk.
.....
(Våren 1945, skrive originalt på surnadalsdialekt)