Samarbeidsorgan
Organisasjonar og instansar Norske kulturbygg er medlem av eller samarbeider nært med, og som er viktige i vårt arbeid. Vi har og kontakt med fleire andre organisasjonar, faginstansar, ressurspersonar og offentlege organ. For 2010 har vi fått prosjekttilskot frå rusavdelinga i Helsedirektoratet m.a. til eit nytt fellesprosjekt med LASS, "Rusfri kulturarena!".
Noregs Ungdomslag
Vår viktigaste samarbeidspartnar, historisk og i dag, og som den største husbyggar og -eigarorganisasjonen i landet (lagseigde kulturbygg). NU er eit av dei to landslaga som er medlem av Norske kulturbygg. Om lag 350 ungdomshus er kollektivmedlem av Nk gjennom NU og vi har m.a. fast spalte i bladet «Ungdom». Fylkeslaga i NU er ein viktig samarbeidspartnar ikkje minst for våre huskurs og for koordinering av regionale prosjekt.
Noregs Mållag
Det andre landslaget i Norske kulturbygg og ein betydeleg huseigar. Lagsbruka i NM og NU skipa i 1949 Lagsbruksnemda (Lagsbrukssamskipnaden i 1979 og Norske Lagsbruk 1997), forløparen for Norske kulturbygg.
NSRM Norsk senter for rusfri miljøutvikling
Ved sida av Norske kulturbygg er Norske Vandrerhjem, NM hotels og LASS med i dette nettverket, og organisasjonane i NSRM fekk drifts- og prosjekttilskot frå Helsedirektoratet si rusavdeling (tidlegare Rusmiddeletaten) frå 1979. Tilskotsordninga er sterkt endra frå 2010. NSRM er medlem av Actis og KNIF. Dagleg leiar i Norske kulturbygg er leiar for NSRM og med Nk-kontoret er sekretariat.
NOK Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg
I tillegg til Norske kulturbygg er Folkets Hus Landsforbund og LASS med i dette nettverket (sjå husdatabase). NOK er representert i «Nasjonalt forum for kulturarenaer» som m.a. arbeider med støtteordningar og rammevilkår for alle typer kulturbygg og kulturarenaer. Vi er sekretariat for NOK. (Norges Velforbund vart suspendert våren 2010 pga moms-saka og er i dag slått konkurs).
Actis og LASS
Actis er samarbeidsorganet for rusfeltet (paraplyorganisasjon). Norske kulturbygg er medlem gjennom NSRM. Norske kulturbygg har ei samarbeidsavtale med LASS om tett administrativt, fagleg og organisatorisk samarbeid. Du kan lese meir om Norske kulturbygg og LASS sine felles rusførebyggande prosjekt under «Prosjekt».
KNIF og KNIF Trygghet forsikring
Som medlem av NSRM har vi fulle medlemsrettar i KNIF Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap og med det nokre av dei beste innkjøpsavtalane som direktemedlem og kollektivmedlem (lag med hus) i Norske kulturbygg kan nyte godt av. Sjå eigen informasjon om KNIF. Nær 100 lagshus gjer i dag bruk av dette særs gode tilbodet. For dei fleste gjeld det spesielt forsikringsavtala, men dette talet burde ha vore langt høgare.
Norsk Kulturarv
Ei ideell stifting, stifta av Oppland fylkeskommune og 27 medstiftarar. Held til i Vågå og er ein sentral samarbeidsorganisasjon for kulturarv og kulturminnevern. Medlemsskap er muleg for både organisasjonar/lag og privatpersonar. Norske kulturbygg er medlem. Bladet «Kulturarven» kjem ut med fire nummer i året.
Fortidsminneforeningen
Norske kulturbygg har vore medlem sia 2008. Det er ein frivillig organisasjon som arbeider for å trygge og verne dei fysiske kulturminna og kulturmiljø. Gir råd og informasjon om kulturminnevern m.m. Har avdelinger i alle fylka og eiga avdeling på Røros. Administrasjon i Oslo.
Gamle trehus
Dette er ei nettside for faglege o.a. råd (e-post) både for private (privathus), bedrifter og institusjonar m.v. Gratis medlemsskap (brukarnamn og passord for innlogging). Seriøs og nyttig instans.
Frivillighet Norge
Dette er den store paraplyorganisasjonen for dei frivillige organisasjonane (hovudorganisasjonane/sentralorgana). Norske kulturbygg vart tatt opp som medlem i desember 2007. Arbeider mest opp mot det politiske miljø for å styrke rammevilkåra for det frivillige organisasjonslivet.
Nynorsk forum
Nynorsk forum er ein viktig arena for å samordne og diskutere felles aktivitet for organisasjonar og instansar som arbeider med eller for nynorsk. Vart skipa i 1997. Vel 20 nynorskinstitusjonar/organisasjonar er med og Aasentunet er sekretariat. Norske kulturbygg har vore med sia starten.

Organisasjonar og lag med ungdomshus, grendahus, forretningsdrift mv:
Både lag innafor Norske kulturbygg, grendehus og andre organisasjonar/lag som eig hus, kan ta kontakt med oss. Vi hjelper så langt vi har kapasitet og kompetanse, eller kan gje råd om kor det er muleg å få slik hjelp. Vi kan avtale større oppgåver for organisasjonar, lag og hus som ikkje er med i Nk direkte eller gjennom NU / NM, men då som reine konsulentoppdrag.
post@kulturbygget.no
90 20 66 58
Du kan besøke oss i BLS-bygget, Nordahl Bruns gate 22, helst etter avtale.