Kva er Norske kulturbygg
Norske kulturbygg er samarbeids- og tenesteorganisasjonen for forretningsdrift (lagsbruk) i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og alle ungdomshusa i NU
Norske kulturbygg er eit kompetansesenter for organisasjonseigde kulturbygg og ein rusfri kulturarena
Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode lagseigde kulturbygget
Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle
Forretningsdrift (lagsbruk) der lokallag, fylkeslag eller landslaga Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag, er eigarar eller deleigarar og er med i styringa av lagsbruket er - eller bør vere - medlem av Norske kulturbygg. Dei om lag 350 ungdomshusa i NU og andre lagshus, hytter o.l. er kollektivmedlem i Norske kulturbygg gjennom landslaget.
Vi vil oppmode alle lagsbruk knytt til Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag og som i dag ikkje er med i Norske kulturbygg om å søke medlemsskap. Sjå innmeldingsskjema på denne nettsida. Vi treng å stå saman som rørsle, for å ta vare på god, norsk tradisjon og kulturarv – og av praktiske, økonomiske og faglege grunnar.
For å vere direktemedlem av Norske kulturbygg må ein drive alkoholfritt. Meir enn nokon gong er det behov for gode møtestader for folk, vaksne som unge, anten det er kaffistove, matstove, hotell, anna forretningsdrift , eller eit lagshus - utan alkohol.
Norske kulturbygg ønskjer at alle ungdomshusa skal stå fram i lokalsamfunnet som ein rusfri kulturarena og ein trygg samlingsstad, der folk kan møtast på tvers av generasjonane, og som er eit aktivt, levande og framtidsretta kulturminne. Derfor driv vi, saman med LASS Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringssteder, prosjektet "Rusfri kulturarena!" (og i 2007-2009 fellesprosjektet "Trygg og rusfri samlingsstad for ungdom").
Norske kulturbygg er med i NSRM-nettverket - Norsk senter for rusfri miljøutvikling, og med det Actis – rusfeltets samarbeidsorgan og KNIF) og NOK Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg. Vi er medlem av Frivillighet Norge og Nynorsk Forum. Norske kulturbygg og dei andre NSRM-organisasjonane har sia 1979 fått drift- og prosjektstøtte frå Helsedirektoratet (rusavdelinga). Frå 2010 bare prosjektstøtte og mista driftstilskot på 800.000. Vi har sjølvsagt klaga på dette.

Frivilligregister og grasrotandel
Les meir om frivilligregisteret og grasrotandelen på sida "Informasjon og råd"!
Organisasjonar og lag med ungdomshus, grendahus, forretningsdrift mv:
Både lag innafor Norske kulturbygg, grendehus og andre organisasjonar/lag som eig hus, kan ta kontakt med oss. Vi hjelper så langt vi har kapasitet og kompetanse, eller kan gje råd om kor det er muleg å få slik hjelp. Vi kan avtale større oppgåver for organisasjonar, lag og hus som ikkje er med i Nk direkte eller gjennom NU / NM, men då som reine konsulentoppdrag.
post@kulturbygget.no
90 20 66 58
Du kan besøke oss i BLS-bygget, Nordahl Bruns gate 22, helst etter avtale.